Me male i snøen ;-)
Fjellheim Friluftsbarnehage er ein privat heildagsbarnehage som ligg på Aarbø i Fitjar kommune. Barnehagen vert driven i to separate bustadhus på eit småbruk som heiter Fjellheim med 10 mål innmark og 15 mål utmark. Fjellheim ligg i naturskjønne omgjevnader med nærliggjande turterreng og gardsdrift.Me har tilsaman 52 barnehageplassar for barn i alderen 0-6 år. Bjørnaholo er småbarnsavdeling 0-3 år og Jøtulen er 3-6 års avdeling. Felles for begge avdelingane er at me legg vekt på aktivitetar i skog og mark. Heile gjengen er mykje ute og kan hende har me den einaste småbarnsavdelinga som driv som friluftsbarnehage?
NB! Opningstid frå 1.8.2011: 6.45-16.15
Telefon Jøtulen 97564697/ Bjørnaholo 91739940
(
24/01/2012
)
|